Forsiden // Sakprosa og essays // Kultur og historie // «Med lykti i hand»

«Med lykti i hand»

Kr 359,-   Antall:

Tips en venn!
Se forsiden
Beskrivelse

Dette er ei stor og flott bok og svært interessant. Ypperleg til gåve. 

ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege

impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande

forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er

større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore

etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i

hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida.

«MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over

både mennesket og forfattaren Arne Garborg. Mange har eit inntrykk av Garborg

som ein folkesky einstøing, og nokre biografar har også framstilt kjærleikslivet

hans i tråd med dette bildet. Men boka viser at Arne og Hulda Garborg var eit

kunstnarpar i fortruleg og produktiv balanse, og at forfattaren var ein sann venn

og ein stimulerande samarbeidspartnar for mange i inn- og utland.

Dei fremste Garborg-kjennarane i landet har analysert forfattarskapen hans

ut frå teologiske, filosofiske, religionsvitskaplege, estetiske og litteraturvitskaplege

perspektiv, og formidlinga til nye generasjonar er vigd ein eigen bolk.

Hovuddelen i antologien er likevel «Garborg på leiting». Han har ein bodskap nettopp

til vår fleirkulturelle tid: Ingen sanningar er sjølvsagde lenger; vi må difor,

som Garborg, tenkje sjølve. Nylesingane av Garborg er motsetningsfylte, slik forfattaren

sjølv var det. Dei gjer at denne boka vil bidra til å kaste nytt lys over ein

av dei mest markante diktarane og tenkjarane i Noreg. 




Bidragsytarar:
 

 

Askeland, Norunn, førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Vestfold.


Bø, Gudleiv, professor em. i nordisk litteratur, Universitetet i Oslo.

 

Fintland, Ine W., arkivar ved Statsarkivet i Stavanger.

 

Grønstøl, Sigrid Bø, frilansskribent, tidlegare førsteamanuensis i nordisk litteratur, Høgskolen i Stavanger.

 

Haram, Arnfinn Andreas, dominikanerpater, St. Dominikus kloster, Oslo.

 
Haaland, Øyvind Bakke, lektor, Lørenskog videregående skole.

 

Hellesnes, Jon, filosof og forfattar, professor em. i filosofi, Universitetet i Tromsø.

 

Lunden, Eldrid, lyrikar, professor i diktekunst, Høgskolen i Telemark.

 
Myking, Nina, lektor, Drammen videregående skole.

 

Maagerø, Eva, førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Vestfold.

 

Obrestad, Tor, pensjonist og bleieskiftarbeidar. M.a.o. i full sving.

 

Skjeldal, Eskil, stipendiat i teologisk etikk ved Det teologiske Menighetsfakultet, Oslo.

 

Sørbø, Jan Inge, professor, Høgskulen i Volda.

 

Time, Sveinung, førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Bergen.

 

Winje, Geir, førstelektor i religion, livssyn og etikk, Høgskolen i Vestfold.



Anmeldelser

Tekstutdrag

Forfattere / Bidragsytere: