Forsiden // Bøker // Skjønnlitteratur // Ein stad mellom tru og tvil
Forlag: Efrem forlag
Utgivelsesdato: 30.10.2013
ISBN: 9788292922279
Språk/målform: Nynorsk
Innbinding: Innbundet
Sidetall: 156
Oversetter: Hans Johan Sagrusten
Beskrivelse

Få har skrive så sterkt om tvil og tru som R. S. Thomas (1913-2000). Diktaren utforska dei gåtefulle og løynde sidene ved Gud og skreiv trufast om den tunge kjensla av Guds fråvær. Iblant òg om dei få, lysande glimta då han likevel kjendest nær. Han skreiv fram Gud i bilete han fann i heimlandet sitt, Wales, frå heiene og liene i fjellandet der, og kysten med fuglane, tidvatnet og bølgjene.

Alt dette finn ein òg i dei sublime og vakre kjærleiksdikta han skreiv til kunstnar-kona si, Elsi.

SAMANLIKNINGAR

Med alle lette ting
likna eg henne, med
ei snøfjon, ei fjør.

Eg hugsar ho kvilte
mot armen min då vi
dansa, lik ein fugl

på reiret, redd egga
skulle knusast, redd
ho låg for tungt

på kjærleiken vår. Snø
smeltar, fjører
blæs bort;

eg har senkt
oska hennar ned
i meg lik eit anker.

R. S. Thomas var på ‘short-list’ til Nobelprisen i litteratur i 1995.
 
R. S. Thomas er ved sida av Dylan Thomas den fremste lyrikaren i Wales i etterkrigstida. Han var prest i den anglikanske kyrkja og skreiv, som venteleg, mange dikt omkring åndelege emne. Det sterke og motsetnadsfulle forholdet hans til Wales er ei anna kjelde til forfattarskapen hans. På sine eldre dagar engasjerte han seg sterkt for walisisk språk og kultur, ikkje berre gjennom diktinga si, men òg på folkemøte og i intervju.

Thomas var ein produktiv diktar. Han skreiv fleire enn 1500 dikt. Utvalet i denne boka er ikkje ordna tematisk, men kronologisk. 

Også i dei dikta som har ein åndeleg tematikk, finn vi det walisiske landskapet. Vi møter gamle kyrkjer der Thomas gjorde teneste, vi ser åsane og liene der dei småe gardsbruka ligg. I dei seinare dikta til Thomas møter vi ikkje minst havet. Det uendelege havet og dei stadige bølgjeslaga står for Thomas som bilete på den endelause ventinga på Guds nærvere. Det er difor kjensla av Guds fråvere som opptek Thomas. 


DEN TOME KYRKJA

Dei la denne fella av stein
for han og lokka han med talgljos,
som om han skulle koma inn frå mørkret
lik ein kjempestor nattsvermar og flakse ikring der.
Å, han hadde brent seg
før i flammen til menneska,
flykta og etterlate seg grunnen
i to. Han vil ikkje koma meir

dit vi lokkar han. Så kvifor kneler eg enno
og slår bønene mine mot eit hjarta
av stein? Er det i vona at éi
av dei enno kan fata eld og kaste
skuggen på dei opplyste veggene
av ein som er større enn eg kan skjøna?

 

Utval og gjendikting er ved Hans Johan Sagrusten.
 

Anmeldelser

Tekstutdrag

Les fleire dikt, forordet og etterordet via link ved omslaget.

Ordet

Ein penn kom til synes, og guden sa:
«Skriv korleis det er å vera
menneske.» Og handa mi stod
lenge still over den blanke sida,

heilt til bokstavar tok til å formast
på den nakne flata, lik fotefaret
til ein vandrar som har
gått seg vill, og eg stava

ordet «einsamt». Og handa mi ville til
å stryke det ut, men røystene
frå alle som venta ved vindauga
til livet ropa høgt: «Det er sant.»

Det er slik det er

Med fingrane gjer ho maling
til blomar, med kroppen får ho
blomane til å minne
om seg. Ho er alltid
i arbeid, ho lappar vårt ekteskaps
kledning, plukkar
lik ein fugl etter noko
vi kan eta. Finst det tornar
i livet mitt, er det ho
som trykkjer brystet mot dei og syng.

Når ho skjenner, er orda hennar
for kvasse. Etterpå er ho oppteken
i timevis med å gni smil
inn i såra. Eg såg henne
då ho var ung og brusa instinktivt
med heile mi fjørdrakt
for å vinne henne. Ho lét seg ikkje lure,
men ho godtok meg, slik ei jente gjer
når månen er smal
og kjærleiken vantar, som ein
ho kunne byggje ein heim i lag med
til barnet ho hadde tenkt seg.


Den tome kyrkja

Dei la denne fella av stein
for han og lokka han med talgljos,
liksom han skulle koma inn frå mørkret
lik ein kjempestor nattsvermar og flakse ikring der.
Å, han hadde brent seg
før i flammen til menneska,
flykta og etterlate seg grunnen
flerra. Han vil ikkje koma meir

dit vi lokkar han. Så kvifor kneler eg enno
og slår bønene mine mot eit hjarta
av stein? Er det i vona at éi
av dei enno kan fata eld og kaste
skuggen på dei opplyste veggene
av ein som er større enn eg kan skjøna?


Forfattere / Bidragsytere:


Hans Johan Sagrusten (f. 1970) er fra Lalm i Gudbrandsdalen. Han er utdannet teolog og har vært bibeloversetter i Det Norske Bibelselskap.

Som poet har han gitt ut bøkene Dua over Jordan (Lunde Forlag 2000), Haustsong (Lunde Forlag 2003) og Evangeliesonettar (Lunde Forlag 2012).

De tre diktsamlingene er alle innkjøpt av Norsk kulturråd.

Når det tjuande århundres poesi skal summerast, kjem ein ikkje utanom R. S. Thomas. Nokon reknar han for den mest progressive diktaren i sin generasjon i det heile. Og då har ein ikkje ein gong avgrensa seg til R. S. Thomas’ hovudtema: spørsmål som krinsar om Gud, hans fråvær og hans nærvær.
Les mer