Forsiden / Ola I. Breivega

Ola I. Breivega

 
Ola I. Breivega er filolog og tidligere leder av Noregs Mållag. Han har gitt ut fagbøker om nynotsk og klarspråk, men på Efrem forlag utgir han sin første roman. Med sine 77 år vil han trolig være årets eldste debutant i Norge dette året (2017)
 
 
Mediefiler:
Bøker i salg
TittelUtgittPrisInnbinding 
Lutheri!15.06.2017 kr Innbundet
Om forfatteren

Fra Allkunne:

Breivega blei fødd 22. februar 1940 i Sør-Fron og har utdanning som cand.philol. med hovudfag i fransk. Han var formann i Kringkastingsringen 1968–71, nestleiar i Noregs Mållag 1973–74 og leiar 1975–77. I den politiserte språkstriden i 1970-åra var Breivega blant dei i organisasjonen som gjekk inn for «eittspråkslina». Det vil seie at dei såg nynorsk som det samlande skriftlege uttrykket for heile det norske folkemålet, mens motstandarane ville arbeide for nynorsk som ei av to målformer. Breivega har elles markert seg som ein sterk tilhengjar av bruk av nynorsk normaltalemål.
 
Breivega har vore lærar og undervist i språk både i den vidaregåande skulen, i folkehøgskulen og på universitetet. Sidan 1986 har han drive språkkonsulentfirmaet Samråd som arrangerer kurs og opplæringstiltak i nynorsk språk. Han har også skrive fleire rettleiingsbøker for språkbrukarar, mellom andre Handbok i referat- og notatskriving: bokmål og nynorsk (1991) og Råd for uråd: vegvisar gjennom nynorske minefelt (1993). Breivega har i den seinare tida framheva at nynorsk er eit syntaktisk enklare språk enn bokmål, men har samstundes peika på bokmålet sitt raffinement. Han var tilsett som seniorrådgivar i Språkrådet i 2005–07, medlem i styret 2006–07.
 
Breivega har også interessert seg for teologi og har orientert seg religiøst mot kristendommen, både den gresk-ortodokse og den romersk-katolske. 

Han har omsett fleire tekstar frå fransk og gresk, inkludert den gresk-ortodokse liturgien. 
 
I 2013 var Breivega ein av omsetjarane då Den katolske kyrkja lanserte den fyrste utgåva av messeboka Missale parvum på nynorsk. Breivega har også vore varamedlem i styret for St. Eystein presteseminar i Den katolske kyrkja.

Anmeldelser

 

Bibliografi: