Til liv for verda : Sakrament og ortodoksi



Alexander Schmemann
TIL LIV FOR VERDA | Sakrament og ortodoksi 

«Alexander Schmemanns stemme er inspirerende. Han polemiserer ikke for polemikkens skyld, men han er en uredd forsvarer for Gud og den kristne tro, på et språk som er levd.» 
Olav Egil Aune, Vårt Land

«Det er fortjenestefullt at Efrem forlag har utgitt denne klassiske teksten … Om flertallet av liturgiske fornyere skriver Schmemann at de forsøkte "å finna opp ei tilbedingsform som er meir akseptabel, meir ‘relevant’ for det sekulære verdssynet til det moderne mennesket." Men det moderne menneskets behov og ønsker kan og skal ikke oppfylles i liturgien. Tvert om skal sekularismen utfordres.»
Jan Schumacher. St Olav Kirkeblad 

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane»
Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet.

 

  • I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja.

    Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike.

    Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere.
    Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret.

Relaterte utgivelser


Motta vårt nyhetsbrev!

Følg mednyheter og gode tilbud fra Efrem forlag.