Arnfinn Haram
NEWMANNS USYNLEGE VERD | Eit studium basert på ‘The Parochial and Plain Sermons’

Utgivelse i februar 2020.  

    • «Ein av mine norske dominikanar-brør har i ei av bøkene sine kalla John Henry Newman “ein moderne kyrkjefader”. Dette uttrykket femner om mykje av min motivasjon for å skrive eit essay over eit emne frå Newmans teologi. I John Henry Newman finn vi ein både spanande og utfordrande kombinasjon av tradisjon og aktualitet, av forsvar for trusintegritet og opning mot samtida sine problem og idear. På ulik vis var det hans leiting etter eit trygt læregrunnlag innan hans anglikanske ‘moder-kyrkje’ som til slutt førte han til den Katolske kyrkja - der hans akademiske kultur og arv førte nye perspektiv inn i samtidas romersk-katolske og ekklesiologiske refleksjon. Slik kom Newman til å verte ein slag pionér for den fornyinga som kulminerte med det andre Vatikankonsilet.

      Newman er interessant idag sidan han var korkje liberal eller konservativ – men heller begge deler. Med sin originale intuisjon var han ein sterkt anti-liberal som vigde beste delen av livet sitt til kampen mot ideologiar og politikk som truga Kyrkja og trua sin overnaturlege karakter og apostoliske grunnvoll.»

Slik åpner Arnfinn Haram sitt lange essay om kardinal John Henry Newman (1801–1890). Originalt skrevet på engelsk i 2002. Utgivelse og oversettelse av essayet var planlagt, men Haram fikk selv aldri anledning til å oversette det. Denne oversettelsen står Ottar Mikael Myrseth bak. 

Boken har forord (en minibiografi av Arnfinn Haram) forfattet av Ståle Kristiansen og Paul Otto Brunstad. 

 

ANGELUS

Lett og stille
står du i døra
eit ljos
ein ange
eit vinddrag
frå den andre verda
går føre deg
fylgjer etter deg

Ave!

djupt bøyer eg meg
samlar alt i eitt punkt

andlet
mot andlet
står vi

alt er mogeleg no

 

Fra Arnfinn Haram, Babylonsk Harpe, Efrem forlag 2014. Boken finnes her

 


 


Relaterte utgivelser


Motta vårt nyhetsbrev!

Følg mednyheter og gode tilbud fra Efrem forlag.