Newmans usynlege verd



Arnfinn Haram
NEWMANNS USYNLEGE VERD | Essay

Med innledning av Paul Otto Brunstad og Ståle Johannes Kristiansen.


      • I Newmans usynlege verd legg Arnfinn Haram fram, med attenhundretals-teologen John Henry Newman som kjelde, eit autentisk kristent verdsbilete i dialog og konfrontasjon med dominerande tankegangar i samtida, no som då.

        Og kva er det vesentlege når vi snakkar om «den usynlege verda»? Er uttrykket «den usynlege verda» i Newmans teo- logi meint å skildre noko som (berre) kjem i tillegg til den synlege røyndomen? Eller blandar «den usynlege verda» seg med eller inn i den synlege?

        Er den usynlege berre usynleg? Er den synlege berre synleg?

        Sjølv om samtida endrar seg raskt – då Newman levde, ein gryande industriell revolusjon, stadig akselererande – endrar ikkje det på tilhøvet mellom den usynlege og synlege verda. Haram kallar vår tid «ein modernitet i krise», noko som gjer det naudsynt å vinna ny von til heile røyndomen.

        Paul Otto brunstad og Ståle Johannes Kristiansen har gitt boka ei fyldig innleiing: «Haram lyfter fram ei forkyn- ning som er nesten gløymd i vår tid: at også englane er meir verkelege ved at dei er usynlege – dei ser oss, betraktar oss
        og vernar oss. Haram har faktisk dedisert avhandlinga til sin eigen verneengel! Både for Newman og Haram er engleteo- logien meir enn teoriar. Her kjem vi tett på eit anna samband som stikk djupt i Harams personlege lesing av Newman: relasjonen mellom englar, det usynlege og venskap.»

 

*

ANGELUS

Lett og stille
står du i døra
eit ljos
ein ange
eit vinddrag
frå den andre verda
går føre deg
fylgjer etter deg

Ave!

djupt bøyer eg meg
samlar alt i eitt punkt

andlet
mot andlet
står vi

alt er mogeleg no

 

Fra Arnfinn Harams diktsamling, Babylonsk Harpe. Info her

 

 

 


Relaterte utgivelser


Motta vårt nyhetsbrev!

Følg mednyheter og gode tilbud fra Efrem forlag.