Frå Store norske leksikon:
T. S. Eliot var ein amerikansk-britisk diktar og kritikar. Både som poet og som kritikar var han ein svært viktig skikkelse i den litterære modernismen på 1900-talet. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 1948.
429,00 kr
T.S. Eliot
Det misfarne landet · Fire kvartettar
Thomas Stearns Eliot (1888–1965) var ein av det 20. hundreårets fremste diktarar og prega modernismen. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 1948.
Denne utgjevinga samlar to av T.S. Eliots fremste diktverk: The Waste Land (1922) og Four Quartets (1943). Ei viktig hending for nynorsk lyrikk. Samlinga synleggjer samtidig kontinuiteten i Eliots poesi, trass i store livsendringar. Elliot braut opp tradisjonelle former, men var samtidig djupt konservativ; fragmenta i dikta kan forvirre, men musikken foreinar og formidlar. Begge diktverka er djupt eksistensielle og speglar krigstider. Slik talar dei inn i vår eiga tid.
Åsmund Bjørnstad (f. 1951) er forfattar og lyrikar og har gjendikta mellom anna John Donne, Dylan Thomas, Tony Harrison og Rainer Maria Rilke. ISBN
Utgjevinga har òg eit lengre etterord/essay av litteraturviter og skribent Mads Skam Lerø.
Boka blir gitt ut 20. mai, men bestill gjerne på førehand.
Frå Store norske leksikon:
T. S. Eliot var ein amerikansk-britisk diktar og kritikar. Både som poet og som kritikar var han ein svært viktig skikkelse i den litterære modernismen på 1900-talet. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 1948.
The Waste Land er hans mest kjente verk. Hans humoristiske Old Possum's Book of Practical Cats (1939) var grunnlaget for den populære musikalen Cats.
© Foto T.S. Eliot:
Ellie Koczela, CC BY-SA 4.0 <https://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0>, via Wikimedia Commons
tba
• Utgivelsesdato: 20. mai 2026
• ISBN 978-82-8475-02-00
• Språk: Nynorsk
• Innbinding: Innbundet
• Sidetall: 118
« … »
…
Åsmund Bjørnstad har som gjendiktar arbeidd med fleire kanoniserte og krevjande diktarar, alle med sine høgst ulike uttrykk. Han har mellom anna gjendikta Tony Harrison (v. og andre vers, 1998), John Donne (Eit menneske er inga øy, 2010), Dylan Thomas (Dikt på min gebursdag, 2014) og Rainer Maria Rilke (Duino-elegiane, 2002, Brev til ein ung diktar, 2007, Sonettane til Orfeus, 2013).
Meld deg på vårt nyhetsbrev og motta info om nye utgivelser og gode tilbud.
© 2026 Efrem forlag.
| Hovestølen 68, 5303 Follese | NO 919 574 089 MVA
Drevet av Shopify
Motta vårt nyhetsbrev!
Følg med på nyheter og gode tilbud fra Efrem forlag.