Novelle, legende, anekdote, kåseri og ‘skjønnlitterær’ essay
399,00 kr
Kjell Arild Pollestad
TIL JÆREN MED PATER POLLESTAD
Endeleg på nynorsk! Ein «litterær jærsalat» frå pater Pollestad.
Boka er ei fotoillustrert tekstsamling med sjølvbiografisk linje som strekk seg frå forfattarens barndom og fram til i dag.
«I 2010 flytte eg heim til Jæren etter over førti års omflakking, med mange år i utlandet, særleg i Frankrike, men også i Roma er eg etter kvart vorten heimekjend. Mange år budde eg og i Oslo, og ikkje minst i Tønsberg, der eg i åtte år var sokneprest. Men kor eg enn var i verda, måtte eg heim til Jæren så ofte det let seg gjera, og få har sete meir på Sørlandsbanen mellom Oslo og Bryne enn eg.
Om Jæren har eg gjennom åra skrive mykje, og no har eg som gamal mann sett saman ein litterær «jærsalat» av eigne tekstar frå mitt ljose fastland. Her finst og sumt som ikkje har vore utgjeve før, særleg nokre dikt som eg til tider har mora meg med å skriva når eg heller burde ha gått og lagt meg. På ein måte er alle tekstane nye, for alt eg har skrive på «sidemålet», kjem her på hjartespråket, på «målet hennar mor.»
* Ønskes signert eksemplar, kan boka bestilles hos Bibelbutikken Bryne. Porto tilkommer.
Efrem forlag beklager:
Det viser seg at denne boka inneholder tre foto som det ikke er innhentet rettigheter for. Disse er tatt fra boka: Høyland skule, bygda og folket, av Tore Vik. Bildene dette gjelder er: Side 47: Høyland skule med nytt påbygg, foto Karina Vik | Side 50-51: Høyland skule før ombygginga, foto: Widerøe | Side 151: Steinkrossen, foto: Bodil Fagerheim
• Utgivelsesdato: 22.09.2025
• ISBN 978-82-84750-12-5
• Språk: Nynorsk
• Innbinding: Innbundet
• Sidetall: 240
Kjell Arild Pollestad (f. 1949) er katolsk prest i unåde. Som skrivande har han eit omfattande forfatterskap bak seg: biografiar, muntre epistlar og ei rekkje litterære dagbøker. I dei seinare åra har han og arbeidd som omsetjar, mellom anna med nye omsetjingar av Snorres Norske kongesagaer og Homers Odysseen og Iliaden – og for ikkje å gløyma: Bibelen. Til Jæren med pater Pollestad er hans fyrste utgjeving på nynorsk.
199,00 kr 329,00 kr
Harald Grønnevik
DET GRØNA MIDT I VEGEN | Forteljingar, rekved på ei strand og små pilegrimsferder
«Grønnevik er en dyktig historieforteller med fine skildringer og betraktninger over både de nære og store ting i tilværelsen.»
Dan Kristoffersen, Krigsropet
Les anmeldelsen i Krigsropet her (pdf)
Forfattaren med sin lune, humørfylde penn let oss no bli med bla. til dei britiske øyane. «Av og til er presten oppe og vaker», skriv han i forordet, og han vart ikkje berre pilegrim, men òg Liverpool-fan som sjømannsprest der vest. Med det er vi lesarar grundig advart.
Illustratør: Anders Færevåg
Harald Grønnevik har tidlige gitt ut boka Heimbygd
I si førre bok, Heimbygd, fortel forfattaren om røtene i ei lita Sunnhordlandsbygd. I denne boka bryt han opp frå bygda og let oss bli med til stadene der han seinare i livet har levd og arbeidd, innanlands og på dei britiske øyane i vest. Sjølvsagt har han med på ferda sin lune, humørfylde penn.
«Av og til er presten oppe og vaker. Såpass må ein rekne med når den som fører pennen har vore innafor rundsnippen i 40 år», skriv han i forordet. Og han vart ikkje berre pilegrim, men Liverpool-fan òg, på øyane der vest. Med det er vi lesarar grundig advart.
Anders Færevåg har vakkert og levande illustrert boka.
• Utgivelsesdato: 02.11.2022
• ISBN 978-82-93012-06-1
• Språk: Nynorsk
• Innbinding: Innbundet
• Sidetall: 124
Harald Grønnevik er i dag busett i Skånevik i Sunnhordland. No som pensjonist etter teneste i bygd og by, i inn- og utland, blant anna som sjømannsprest i Liverpool. Etter mange oppfordringar gjev musikk- og litteraturelskaren endeleg ut eit knippe nye kåseri og forteljingar.
Meld deg på vårt nyhetsbrev og motta info om nye utgivelser og gode tilbud.
© 2026 Efrem forlag.
| Hovestølen 68, 5303 Follese | NO 919 574 089 MVA
Drevet av Shopify
Motta vårt nyhetsbrev!
Følg med på nyheter og gode tilbud fra Efrem forlag.