Last ned omslag: ⥥
Anne Karin Fonneland
OLAV H. HAUGE OG TREA : om å sjå naturen – og klimakrisa no!
Ei nydeleg bok som gjør deg enda mer glad i naturen!
«… Med boka skriv ho seg inn i ein nynorsk essaytradisjon av forfattarar som Garborg, Økland, Fløgstad og Fosse.»
Arne Sunde, Dag og Tid
«Er Folgefonna i ferd med å smelta?» Ved skiløypa er isen sokke 55 meter sidan 2008. Under breen er det dalar som kan verta fylte med vatn. At Folgefonna ein gong kan sleppa innsjøar, vil me helst ikkje tenkje på. Økosystemet me inngår i, er truga. Olav H. Hauge såg dette tidleg, noko forfattar Anne Karin Fonneland byrja skriva om etter å ha vorte uroa over det ho såg. Historia til Fonneland er tankevekkjande, fengslande og viktig.
Bla i boka på ISSUU
Eg vil ha det normalt, skriv Anne Karin Fonneland.
Årstidene i Hardanger er blitt annleis; ikkje mykje, men merkbart. Endringane er synlege både for bønder som lever av jorda og for dei som lever med og i landskapet. Over fjorden skin den mektige Folgefonna. Breen har fått eit grått skin. Men kva er naturleg variasjon og kva skuldast klimaendringar? Klimaforskarar skildrar gradvise økologiske endringar som shifting baselines. Kva som er normalt i naturen, er i endring. Kva språk har me for desse små, konkrete endringane?
I denne boka tek Fonneland lesaren med inn i eit vakkert landskap, for mange kjent som den biletskjønne nasjonalromantikkens tablå: plommer, bløming og turisme. Me får vere med på pleie av epletre og høyre om fellesskap knytt til trea. Trea har sett djupe spor i kultur og arbeidsliv, i handverk, mytar og diktekunst. Dette er ei bok om denne kulturen med sine mangfaldige sjikt av meining og levd liv, personlege minner, sansingar og opplevingar, kombinert med nære lesingar av Olav H. Hauge sine dikt og dagbøker.
Fonneland minner om at Hauge såg tidleg at menneska ikkje berre inngjekk i harmoni med naturen, men skapte kritisk ubalanse over tid. Ho skildrar korleis det å ha eit nært forhold til, og omtanke for naturen, er blitt noko samansett, av og til plaga. Me ikkje berre ser på naturen, men er sjølv del av den. Økosystemet me inngår i, er truga. Historia til Fonneland er tankevekkjande, fengslande og viktig.