Torleiv Austad
LIVET HAR OPNA SEG! | Ein prestelærar ser tilbake 

Utgitt: 10. september 2020

    • EIN JUNIDAG I 1940, då Torleiv Austad er tre år gamal, tar 70 tyske soldatar seg til rette på prestegarden der han veks opp. Allereie, sidan krigsutbrotet 9. april har heimen vore fylt av folk, nordmenn frå Arendal og Kristiansand som har måtte evakuere frå krigshandlingane.

      Vi er i Valle i Setesdal. Ei bygd med ein levande forteljartradisjon i ein særeigen og sterk kultur. Faren til Torleiv, som var sokneprest, bryt med det statlege kyrkjestyret i 1942. Mora er frå Fyresdal, som Vidkun Quisling rekna som si heimbygd. Torleiv Austads fortel om sterke minne som har fest seg i sinn og tankar i dei dramatiske okkupasjonsåra. Seinare i livet skulle kyrkjas møte med totalitære ideologiar bli eit særleg interessefelt for han.

      Alt som ung teolog fekk han Kongens gullmedalje for sitt arbeid, og Austad er fortsatt tydeleg til stades i det offentlege ordskiftet om kyrkjas kamp, rolle og val under krigen. Austad blei aldri prest i ein kyrkjelyd, for livet opna seg på ein annan måte. Som professor og lærar for teologistudentar ved Menighetsfakultetet la han vekt på å opne Bibelen og kyrkje- og teologihistoria for dei som førebur seg til teneste i kyrkja. Austad lid under læremessig usemje, og internasjonalt fann han ein naturleg plass i det verdsvide økumeniske arbeidet.

      Som forskar, lærar og råd- og utvalsleiar har Austad vore rekna som lågmælt. Men uredd har han stått fram som forsvarar av lange linjer og slitesterk teologi i kyrkjas mangfaldige liv. Det har likevel ikkje hindra han i å vise openheit for å dra lærdom av vårt aukande multikulturelle og multireligiøse samfunn og ny-are teologiske impulsar. Livet har opna seg er Torleiv Austads forteljing om livet sitt – som opnar med eit gripande stykkje noregshistorie frå krigens dagar.

    •  

      Utgivelsesdato: 10.09.2020

      • ISBN 978-82-92922-56-9

      • Språk: Nynorsk

      Innbinding: Innbundet

      Sidetall: 360

    •  

    •  

    •  

       


       


Relaterte utgivelser


Motta vårt nyhetsbrev!

Følg mednyheter og gode tilbud fra Efrem forlag.