Til Jæren med pater Pollestad



Kjell Arild Pollestad
TIL JÆREN MED PATER POLLESTAD 

Endeleg på nynorsk! Ein «litterær jærsalat» frå pater Pollestad. 

Boka er ei fotoillustrert tekstsamling med sjølvbiografisk linje som strekk seg frå forfattarens barndom og fram til i dag.

«I 2010 flytte eg heim til Jæren etter over førti års omflakking, med mange år i utlandet, særleg i Frankrike, men også i Roma er eg etter kvart vorten heimekjend. Mange år budde eg og i Oslo, og ikkje minst i Tønsberg, der eg i åtte år var sokneprest. Men kor eg enn var i verda, måtte eg heim til Jæren så ofte det let seg gjera, og få har sete meir på Sørlandsbanen mellom Oslo og Bryne enn eg.

Om Jæren har eg gjennom åra skrive mykje, og no har eg som gamal mann sett saman ein litterær «jærsalat» av eigne tekstar frå mitt ljose fastland. Her finst og sumt som ikkje har vore utgjeve før, særleg nokre dikt som eg til tider har mora meg med å skriva når eg heller burde ha gått og lagt meg. På ein måte er alle tekstane nye, for alt eg har skrive på «sidemålet», kjem her på hjartespråket, på «målet hennar mor.»

* Ønskes signert eksemplar, kan boka bestilles hos Bibelbutikken Bryne. Porto tilkommer.   

Efrem forlag beklager:
Det viser seg at denne boka inneholder tre foto som det ikke er innhentet rettigheter for. Disse er tatt fra boka: Høyland skule, bygda og folket, av Tore Vik. Bildene dette gjelder er: Side 47: Høyland skule med nytt påbygg, foto Karina Vik | Side 50-51: Høyland skule før ombygginga, foto: Widerøe | Side 151: Steinkrossen, foto: Bodil Fagerheim


Relaterte utgivelser


Motta vårt nyhetsbrev!

Følg mednyheter og gode tilbud fra Efrem forlag.