159,00 kr 329,00 kr
Arnfinn Haram
NEWMANNS USYNLEGE VERD | Essay
Med innledning av Paul Otto Brunstad og Ståle Johannes Kristiansen.
I Newmans usynlege verd legg Arnfinn Haram fram, med attenhundretals-teologen John Henry Newman som kjelde, eit autentisk kristent verdsbilete i dialog og konfrontasjon med dominerande tankegangar i samtida, no som då.
Og kva er det vesentlege når vi snakkar om «den usynlege verda»? Er uttrykket «den usynlege verda» i Newmans teo- logi meint å skildre noko som (berre) kjem i tillegg til den synlege røyndomen? Eller blandar «den usynlege verda» seg med eller inn i den synlege?
Er den usynlege berre usynleg? Er den synlege berre synleg?
Sjølv om samtida endrar seg raskt – då Newman levde, ein gryande industriell revolusjon, stadig akselererande – endrar ikkje det på tilhøvet mellom den usynlege og synlege verda. Haram kallar vår tid «ein modernitet i krise», noko som gjer det naudsynt å vinna ny von til heile røyndomen.
•
Paul Otto brunstad og Ståle Johannes Kristiansen har gitt boka ei fyldig innleiing: «Haram lyfter fram ei forkyn- ning som er nesten gløymd i vår tid: at også englane er meir verkelege ved at dei er usynlege – dei ser oss, betraktar oss
og vernar oss. Haram har faktisk dedisert avhandlinga til sin eigen verneengel! Både for Newman og Haram er engleteo- logien meir enn teoriar. Her kjem vi tett på eit anna samband som stikk djupt i Harams personlege lesing av Newman: relasjonen mellom englar, det usynlege og venskap.»
• Utgivelsesdato: 24. juni 2022
• ISBN 978-82-92922-62-0
• Originaltittel: Newman's Invisible World. A study Dased on The Parochial and Plain Sermons
• Oversetter: Ottar Mikael Myrseth
• Språk: Nynorsk
• Innbinding: Heftet
• Sidetall: 160
Arnfinn Haram (1948-2012) var katolsk prest og dominikanerbror tilknytt St. Dominikus kloster i Oslo. Han var prest i Den norske kyrkja før han konverterte og vart ein aktiv samfunnsdebattant, respektert skribent og forfattar med utgjevingar av både poesi og prosa.
John Henry Newman (1801-1890) var engelsk teolog og poet, fødd i London. Han var lenge anglikansk prest, og sidan både katolsk prest og kardinal i den katolske Kyrkja etter sin konversjon i 1845. Newman vart erklært salig av pave Benedikt XVI, og den 13. oktober 2019 vart han heilagkåra av pave Frans.
Paul Otto Brunstad og Ståle Johannes Kristiansen er begge professorer ved NLA med et rikt forfatterskap innen ledelse, etikk og teologi. Og ikke minst – som også gjelder oversetter Ottar Mikael Myrseth: blant Arnfinn Harams næreste venner og samtalepartnere.
*
ANGELUS
Lett og stille
står du i døra
eit ljos
ein ange
eit vinddrag
frå den andre verda
går føre deg
fylgjer etter deg
Ave!
djupt bøyer eg meg
samlar alt i eitt punkt
andlet
mot andlet
står vi
alt er mogeleg no
Fra Arnfinn Harams diktsamling, Babylonsk Harpe. Info her
Vis all bokinfo
Meld deg på vårt nyhetsbrev og motta info om nye utgivelser og gode tilbud.
© 2023 Efrem forlag.
Organisasjonsnummer: NO 919 574 089 MVA
Drevet av Shopify
Motta vårt nyhetsbrev!
Følg med på nyheter og gode tilbud fra Efrem forlag.