Newmans usynlege verd



Arnfinn Haram
NEWMANNS USYNLEGE VERD | Essay

Med innledning av Paul Otto Brunstad og Ståle Johannes Kristiansen.

Haram skrev opprinnelig boka på engelsk, og Ottar Myrseth har oversatt essayet til nynorsk som var det fra Arnfinns egen penn.

Forhåndsbestill boken med rabatt. Utgivelse juni 2022

      • I Newmans usynlege verd legg Arnfinn Haram fram, med attenhundretals-teologen John Henry Newman som kjelde, eit autentisk kristent verdsbilete i dialog og konfrontasjon med dominerande tankegangar i samtida, no som då. 

        Og kva er det vesentlege når vi snakkar om «den usynlege verda»? Det kjem forfattaren til rette med ved å stille fleire underliggjande spørsmål, blant anna: Er uttrykket «den usynlege verda» i Newmans teologi meint å skildre noko som (berre) kjem i tillegg til den synlege røyndomen? Eller blandar ‘den usynlege verda’ seg med eller inn i den synlege? 

        Er ‘den usynlege’ berre usynleg? Er den synlege berre synleg?

        Sjølv om samtida endrar seg raskt – då Newman levde, ein gryande industriell revolusjon, stadig akselererande – endrar ikkje det på tilhøvet mellom den usynlege og synlege verda. Det vert endåtil meir naudsynt for eitkvart menneske, med forfattarens eigne ord: «i ein modernitet i krise», å vinna ny von til heile røyndomen.   

        Med innleiing av Paul Otto Brunstad og Ståle Kristiansen:

        «“God is ‘real’ because he is ‘invisible’ […] For unless His Prescence were invisible, it could not be real.” På same måte som Gud er verkeleg og usynleg på same tid, skjuler det synlege kosmos eit spel mellom det vi ser og dei usynlege kreftene som ber alt.» 

 

*

ANGELUS

Lett og stille
står du i døra
eit ljos
ein ange
eit vinddrag
frå den andre verda
går føre deg
fylgjer etter deg

Ave!

djupt bøyer eg meg
samlar alt i eitt punkt

andlet
mot andlet
står vi

alt er mogeleg no

 

Fra Arnfinn Harams diktsamling, Babylonsk Harpe. Info her

 

 

 


Relaterte utgivelser


Motta vårt nyhetsbrev!

Følg mednyheter og gode tilbud fra Efrem forlag.