Frå løynde kjelder | dikt



Eiliv Grue
Frå løynde kjelder| dikt


    •  

 

Den gode stilla

mellom menneske

er lik tre som veks tett saman

i djupe, gåtefulle skogar

 

Frå løynde kjelder er ei poetisk vandring, mangfaldig som naturen sine eigne tråkk; ei rørsle i litterære og musikalske fotefar, i mystikken – dei djupe religiøse draga – og tett på nedarva folkeleg visdom. Samlinga skodar òg naturen sjølv; storleiken og dei vakre detaljane.

Dikta formidlar ein takk for kjeldene langs livsvegen vår, skattar som alt er nær oss. Med musikalitet og inderleg formidlingsvilje står lyrikken fram som var det Olav H. Hauge, Hans Børli eller Johan Falkberget sjølv som held i diktarhanda. Ein gjestar landskap der Jaqueline de Pré, Arvo Pärt og Joseph Haydn tonar i strofene.

Eiliv Grue (f. 1934) kjem frå Os i Østerdalen og bur no på Røros. Frå løynde kjelder er den første diktsamlinga hans, men ikkje første bok; Grue har særleg arbeidd med diktinga til Johan Falkberget og står bak fleire bøker om forfattarskapen hans.

 

 – ved ein annan våg

                  … kva pottemakaren meinte,

                  det finn eg aldri ut

                                    Frå dikte Borni leiker av Olav H. Hauge

 

No,

når fjellvatna opnar seg

knoppar opnar seg,

blomar opnar seg

og heile landet vert eit ope under

av ljos og bløming

– då fór du frå oss.

 

Kven kan no lære oss

om det snåle å gjere seg stor på stylter?

 

Kven kan hente heim fleire soger

om Li Po og Ch`ü Yüan?

 

Kven skal lære oss at ei beine

kan vi like gjere mot ein annan?

 

Kven skal no syne oss fagre åkrar

i nye morgonstunder?

 

– Også var den gamalapalen då:

Tru om han blømer

fagrare no enn nokon gong

tett ved den vågen du bar draumar om

å segle inn i?


 


Relaterte utgivelser


Motta vårt nyhetsbrev!

Følg mednyheter og gode tilbud fra Efrem forlag.