I diktet har du fått eit evig liv | dikt



Hans Johan Sagrusten  | gjendiktingar
I DIKTET HAR DU FÅTT EIT EVIG LIV  | Å stride mot undergangen med ord

Å dikte er ein strid på liv og død, og det diktaren kjempar mot, er sin eigen undergang. Livet er forgjengeleg, og det gjeld å halde fast på det vakre, det opphavlege og reine.

Poesi av William Shakespeare, Dylan Thomas, R.S. Thomas og Georg Mackay Brown

Innkjøpt av Norsk Kulturfond (Kulturrådet)

Diktarane i denne samlinga kjempar mot undergangen på kvar sin måte. Dei er fire diktarar frå dei britiske øyane, frå England, Skottland og Wales, med kvar si særeigne stemme og biletverd.

Dag og Tids anmelder (og litteraturviter) Kjetil Berthelsen siterer begeistret:
Når førti vintrar kringset panna di, / grev djupe fòrer i din venleiks eng, / når ungdomsdrakta alle ser deg i, / blir stritt og lurvent ugras ingen treng.

Og han skriver: «Både fyrste og andre verset minner om stormeisteren sjølv» (Shakespeare). Et annet moment som trekkes fram, gjelder poeten nærest vår egen tid: «Tolkingane vekkjer appetitten på meir av poesien til George Mackay Brown.»

 

Om Hans Johan Sagrustens tidlegare samling med R.S. Thomas’ poesi:  Ein stad mellom tru og tvil. (Innkjøpt av Norsk Kulturfond): 
«gnistrende vakre gjendiktninger»
Jan Erik Rekdal, SEGL

  • William Shakespeare (1564-1616) held i sine sonettar fast på biletet av sin kjære. Kven denne kjære er, veit vi ikkje. Men dei fire hundre år gamle dikta står som lysande freistnader på å halde dette biletet fast i rim og rytme.

  • For Dylan Thomas (1914-1953) er det diktarens eige sinn, i møte med det forgjengelege livet og den trugande døden, som får sitt uttrykk i dikt. Vi kan nesten kjenne den glødande intensiteten i striden, der Thomas kjempar over skrivebordet, medan haugen av samankrølla ark blir større og større på golvet.

  • For Ronald Stuart Thomas (1913-2000) er det sjølve det menneskelege som er truga av undergang i møte med den moderne verda. Thomas nærer djup forakt for alt det moderne, som han omtalar som maskina. Stilt overfor maskina, freistar han trassig å halde fast på det ekte og opphavlege.

  • Det er Orknøyane som er George Mackay Brown (1921-1996) sin arena. Bileta hans er så reine at berre det vesentlege står att, og lesaren kan stige inn i dei med sine eigne assosiasjonar.




Relaterte utgivelser


Motta vårt nyhetsbrev!

Følg mednyheter og gode tilbud fra Efrem forlag.